"Heimelaga" bensin er livsfarleg og lukrativ business i Nigeria

Olje i Nigiria Africa Foto Stakeholder Democracy (SDN) Environment Image 4 Flickr:CC BY-NC-ND 2.0

Dei stel olje om natta og koker den i eldfyrte ovnar. Illegal oljeraffinering er livsfarleg og miljøskadeleg, men gjev inntekter til mange i Nigeria.

Staten og oljeselskapa tek olja vår, me har verken arbeid eller pengar, så me må ta olja og raffinera den sjølv.

Orda kjem frå ein innbyggar i Niger-deltaet, sitert i den nye rapporten "Communities, not Criminals"

Rapporten er utarbeidd av organisasjonen Stakeholder Democracy Network (SDN), og beskriv ein sofistikert, men farleg, industri: steling og raffinering av råolje.

Helseskadeleg industri 

Kvar dag forsvinn 150 000 fat olje i Nigeria. Olja blir stolen ved hjelp av kraner som er plassert langs dei 1650 kilometer lange oljeleidningane som går på kryss og tvers i Niger-deltaet. Mesteparten av råolja blir seld ut av landet, men 25% blir igjen for raffinering. Denne olja blir send til leirar, der 10-20 menneske arbeider med å raffinera olje på ein svært spartansk måte. Metoden er kalla "koking", der olja blir varma opp slik at den kondenserer og blir til diesel og bensin. Under "kokinga" av olje oppstår det helseskadelege og eksplosive gassar. Nokon av dei som arbeider på raffineriet har evigvarande hoste og utslett over heile kroppen_, fortel ein av medlemmene av lokalsamfunnet. Nigerianske myndigheiter kjempar imot oljetjuvane med harde midlar. Berre i fjor stengte militæret rundt 4500 raffinerileirar.

Dei set fyr på leirane, og drep borna våre,_ seier ein av informantane i rapporten. Rapporten er basert på 12 veker feltarbeid og 120 intervju med nøkkelinformantar.

Farleg, men lukrativt 

Lokalsamfunna rundt dei illegale oljeraffineria må leva med både hyppige militær-raid og miljøskadane som raffineriverksemda fører med seg. Fisken har forsvunne frå mange områder i Niger-deltaet, og fleire frå lokalsamfunnet fortel at dei har gått frå å vera sjølvforsynte med fersk fisk til å måtte kjøpa frosenfisk.

Me ser korleis dei tømmer oljeavfall i grunne grøfter. Men me ha også bygd hus med pengar frå denne verksemda_, seier eit medlem av lokalsamfunnet. Slik oppsummerer han ei oppfatning som går igjen i rapporten: sjølv om illegal raffinering er farleg og miljøskadeleg, så er det også god business. Rundt halvparten av innbyggarane ved deltaet lever på to dollar om dagen, medan arbeidarane på dei illegale raffineria tener 37 dollar dagen. _"Illegal oljeraffinering kan på sikt destabilisera den lovlege oljesektoren i Nigeria"

Det er åtvaringa frå Stakeholder Democracy Network, som er kritiske til myndigheitene sin maktbruk mot oljeraffineria. Dei ber myndigheiter og sivilsamfunn om å arbeida for å skapa økonomisk vekst, sosiale tenester og jobbmuligheiter ved Niger-deltaet. _Foto framside: Eld blir brukt for å varma opp ovnane som råolja blir kokt i. Alle foto: Stakeholder Democracy Network.

Les meir på www.stakeholderdemocracy.org