PRESSEMELDING: Kampen mot kapitalflukt held fram

Norsk Storting Foto: Human-Etisk Forbund Flickr CC BY-SA 2.0

KAMPEN MOT KAPITALFLUKT HELD FRAM PRESSEMELDING 6.

Desember Torsdag kveld vedtok Stortinget nye reglar som kan sikra meir openheit om norske selskap si verksemd i andre land. Dei nye krava om land-for-land rapportering vil føra til at norske selskap i utvinnings- og skogdriftsindustrien vil måtte rapportere nokre sentrale rekneskapstal, mellom anna kor mykje dei betaler i skatt. Dette er eit viktig steg i riktig retning, for mange land som blir presentert som fattige, er i realiteten svært rike på naturressursar. Årleg misser utviklingsland rundt 1 200 milliardar dollar i kapitalflukt. Større grad av finansiell openheit vil gjera land i Sør i betre stand til å sjå verdien av eigne naturressursar og til å identifisera selskap som unngår skatt ved å plassera profitt i skatteparadis. Denne openheita vil også gjere det lettare for sivilsamfunn i Sør til å kontrollera om myndigheitene faktisk bruker skatteinntektene til å sikra utvikling.

PWYP Norge ser likevel fleire alvorlege svakheiter ved lovforslaget som fekk fleirtal på Stortinget: * Reglane legg opp til at selskapa skal oppgje rekneskapstala i ein separat rapport. Desse tala er ikkje knytt opp til årsrekneskapen, dermed har me ingen garanti for at selskapa vil oppgje reelle tal. * Reglane krev ikkje at norske selskap rapporterer frå land dei har underselskap me såkalla "støttefunksjonar". I realiteten er dette ofte skatteparadis, der norske selskap sender profitten for å redusera si skattepliktige inntekt i fattige, men ressursrike land.

Reglane vil tre i kraft 1. Januar 2014. Regjeringa har no fått i oppgåve frå Stortinget om å utforme desse reglane med mål om å "synleggjere uønskt skattetilpassing". Eit samla norsk sivilsamfunn, inkludert PWYP Norge, vil følgje regjeringa sitt arbeid nøye. Me krev ei sterk lov som synleggjer norske selskap sin bruk av skatteparadis, og som krev reviderte rekneskapstal.

For meir informasjon, kontakt: Mona Thowsen, generalsekretær i PWYP Norge mona.thowsen@pwyp.no Maria Lavik, kommunikasjonsrådgjevar i PWYP Norge maria.lavik@pwyp.no 41 50 71 31@pwyp.no>@pwyp.no>