"Dette er ein skremmande situasjon"

imageFor to månader sidan var Richard Ruati i Noreg for å læra meir om finansiell openheit i utvinningsindustrien. No ser han det oljerike heimlandet Sør-Sudan gå i oppløysing på nært hald.

- Eg har høyrt skot og det er portforbod frå klokka 8 om kvelden og fram til morgonen. Det er stort sett roleg her i Juba, men eg har høyrd at FN-utsendingar har omtala andre byar i landet som “spøkelsesbyar”. Dette er ein skremmande situasjon, seier Richard Ruati.

Han er journalist og PR-rådgjevar busett i Juba, hovudstaden i Sør-Sudan. Landet har vore prega av kamphandlingar sidan midten av desember i fjor.

President Salva Kiir har anklaga tidlegare visepresident Riek Machar for å planlagt eit kupp. Dette la grunnlaget for kampar mellom regjeringsstyrker og opprørarar leia av Machar. I løpet av ein månad har minst ein halv million menneske blitt internt fordrivne i Sør-Sudan, viser utrekningar gjort av The Internal Displacement Monitoring Centre.

Konflikt om olja

I slutten av november i fjor besøkte Richard Ruati Noreg for å vera med på kursprogrammet TRACE. Programmet er i regi av PWYP Norge og tek for seg korrupsjon og openheit i utvinningsindustrien.

Sør-Sudan er eit oljerikt land, og inntektene frå denne industrien utgjer rundt 98% av statsbudsjettet. Richard Ruati peikar på at olja speler ei viktig rolle i konflikten.

- Eg har sett TV-bilete som viser at oljeanlegga har blitt utsett for store skader under kamphandlingane. Dette, saman med manglande vedlikehald vil kunne føre til at det tek lang tid før me er tilbake til normal oljeproduksjon, seier Ruati.

Han fortel at dei fleste oljefelta ligg i område dominert av nuer-folkegruppa, som er folkegruppa som visepresident Riek Machar tilhøyrer.

- Nuerane i dette området er redde, dei fryktar at den dominerande folkegruppa, dinkaane, ønskjer å drepa dei for å ta over olja, seier Ruati.

Etnisk motivert vald

Human Rights Watch oppmodar dei stridande partane om å skåna sivilbefolkninga frå maktkampen mellom regjeringsstyrker og opprørarar.

- Fryktelege forbrytingar er blitt gjort mot sivile på grunn av deira etniske tilhøyrsle, seier Daniel Bekele, Africa director i Human Rights Watch.

Bekele understreker at etnisk motivert vald mot sivile har skjedd på begge sider av konflikta. Partane er no i fredsforhandlingar i Addis Ababa i Etiopia.

- Eg kryssar fingrar for at partane blir einige om ei våpenkvile, seier Richard Ruati.

Følg Richard Ruati på Twitter.

Følg PWYP Norge på Twitter.

LES MEIR: AlJazeera har besøkt spøkelsesbyen Bor.

Bilete på framsida viser sivile som står i kø for drikkevatn/EU/ECHO/ Ludovico Gammarelli