Fleire selskap brukar "Yara-metoden"

Bilete er av Jørgen Ole Haslestad, konsernsjef i Yara/World Economic Forum. Foto: Zahur Ramji / Mediapix Flickr / CC BY-NC-SA 2.0

 

Yara er berre eit av mange statseigde selskap som bruker skatteparadis. Saka er ein vekkjar, seier Høgre til Klassekampen. I midten av januar fekk gjødselgiganten Yara eit førelegg av Økokrim på 295 millionar kroner for grov korrupsjon i Libya, India og Russland. Yara har erkjend straffeskuld, og Økokrim har no teke ut tiltale mot fire tidlegare Yara-toppar. Yara brukte skatteparadis aktivt for å legga til rette for korrupsjon.

Økokrim skriv at "Realitetene i overføringene fra Yara er tilslørt og svært vanskelige å oppdage. Bestikkelsene er skjult blant annet ved bruk av falske bilag, fordekt ved overprising av varer, og ved bruk av selskaper i såkalte «skatteparadiser." Det er ikkje slik at alle selskap i såkalla skatteparadis er mistenkelege. Men det me erfarer når det gjeld økonomisk kriminalitet, til dømes i korrupsjonssaker, er at det er ønskeleg å tilsløra kven pengane eigentleg kjem i frå, og kven pengane går til. Dette gjeld typisk ved bestikkingar. Då ser me at det ikkje er uvanleg å bruka selskap i såkalla skatteparadis som mellomstasjon for pengeoverføringar, seier førstestatsadvokat i Økokrim, Marianne Djupesland, til Klassekampen, 24.januar. Men Yara er ikkje det einaste statseigde selskapet som brukar skatteparadis, skriv Klassekampen. Avisa viser til to eksempel: Telenor eig ein tredel av Vimpelcom, som er registrert på stillehavsøya Bermuda.

DNB har fleire dotterselskap i Luxembourg, mellom anna ein filial som tilbyr tenester til rike privatkundar. Bermuda og Luxembourg er begge land som scorar høgt på Tax Justice Network sin "rangering av land etter grad av finansielt hemmeleghald". Næringspolitisk talsperson i Høgre, Gunnar Gundersen, seier til Klassekampen at Yara-saka er ein vekkjar. Det er klart at me følgjer nøye med i ei sak der eit statseigd selskap har vore involvert i såpass alvorleg korrupsjon. Når dommen er avsagt kan dette bli fort ein gjenstand for diskusjon, seier Gundersen til avisa.