SV varslar omkamp om land-for-land rapportering

Snorre Valen Foto Stortinget (Flickr / CC BY 2.0)

*SV vil kjempa for ei strengare land-for-land rapportering som også inkluderer skatteparadis. Alt i mai kan saka koma opp for Stortinget. - Det er politisk fleirtal for ei sterk lov i Stortinget, seier Snorre Valen*. Snorre Valen, medlem for SV i finanskomiteen, lanserte planane om omkamp "til NTB og Nationen førre veke":http://www.nationen.no/politikk/sv-vil-ha-omkamp-om-skatteparadiser/ No bekreftar han til pwyp.no at saka alt kan bli diskutert i mai, då Stortinget skal behandla revidert nasjonalbudsjett. Den nye lova om land-for-land rapportering vart innført 1. januar i år. Den krev at norske selskap i utvinnings- og skogdriftsindustrien vil måtte rapportere nokre sentrale rekneskapstal, mellom anna kor mykje dei betaler i skatt. *Lova vart lagt fram saman med statsbudsjettet i oktober i fjor. Den blir av både opposisjonen og sivilsamfunnet kritisert for å vera for svak i kampen mot skatteflukt*. - Me vurderer no å laga ein merknad til lova og få den inn i revidert nasjonalbudsjett. I merknaden vil me fremja konkrete forslag om krav som må stillast i lova, seier Valen. Valen meiner lova bør krevja at også underselskap med såkalla "støttefunksjonar" skal måtte rapportera etter dei nye lovkrava. PWYP Norge har tidlegare poengtert at underselskap med såkalla "støttefunksjonar" i realiteten ofte er plassert i skatteparadis, der norske selskap sender profitten for å "redusera si skattepliktige inntekt i fattige, men ressursrike land":http://pwyp.no/nb/pressemelding-kampen-mot-kapitalflukt-held-fram. Også Tax Justice Network har kritisert lova for ikkje gje innsyn i korleis dotterselskap blir brukt for å "kunstig flytte overskot":http://taxjustice.no/ressurser/land-for-land-har-landet. - Dessutan ønskjer me ein strammare lovtekst som tydeleggjer formålet om å belysa både ulovleg skattetilpassing og skatteunndraging som juridisk sett er lov, men som moralsk sett er betenkeleg. Me vil ha ein radikal forståing av lova, seier Valen. *Frir til sentrum* Også i november i fjor leverte dei raudgrøne partia merknader til lova der "dei stilte sterke krav":https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Innstillinger/Stortinget/2013-2014/inns-201314-004/30/. Då vart dei nedstemt. - Derfor er det viktig å no arbeida opp mot KrF og Venstre, for å finna ei felles løysing. Om me ikkje finn støtte til ein merknad til revidert nasjonalbudsjett, så vil me vurdera å stilla eit eige lovforslag, men det vil ta lenger tid, seier Valen. *Valen seier SV har hatt uformelle samtalar med KrF og Venstre om saka, og ønskjer å halde fram me dette*. - Det politisk fleirtal for ei slik sterk lov i Stortinget, men KrF og Venstre blir bundne av samarbeidet dei har med regjeringspartia. Om me lykkast avhenger er i kor stor grad me klarer å overtala Venstre og KrF. Dette er også ein viktig jobb for sivilsamfunnet i Noreg, seier Valen. *KrF meiner mai kan vera for tidleg for omkamp* SV sine planar møter ikkje udelt begeistring frå Hans Olav Syversen, leiar i Finanskomiteen på Stortinget for KrF. - *Det er sjølvsagt hyggelig med SV sin utålmodighet. Dei satt åtte år i ei regjering som ikkje gjorde noko med skattespørsmål, seier Syversen*. Han meiner det viktigaste no er å få operasjonalisert lova som alt er vedteken. - Eg er spent på korleis lova faktisk vil sjå ut i kvardagen. Eg er open for å utvida krava i lova, men det kan fort bli litt tidleg å diskutera slike endringar i samband med revidert nasjonalbudsjett i mai, seier Syversen. Stortinget bad Finansdepartementet om at lova må synleggjera uønskt skattetilpassing, då lova vart vedteken 5. desember. Denne "forskrifta kom på plass 20. desember":http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/dok/lover_regler/forskrifter/2013/forskrift-om-land-for-land-rapportering.html?id=748525. - Departementet følgde opp med ei forskrift etter kort tid, og eg meiner denne forskrifta er eit steg i rett retning, seier Syversen. *Venstre med "sjølvstendig stemme"* Terje Breivik, medlem for Venstre i finanskomiteen, seier dei er "grunnleggande positive" til å diskutera forslag som sikrar meir openheit om pengetransaksjonar. - *Me har ei sjølvstendig stemme i denne saka, og kan snakka både med regjeringsparti og opposisjonen. Me vil vurdera eit forslag frå SV, når det kjem på bordet. Det er bra med ei vurdering og drøfting av om forskrifta er god nok, seier Breivik*. Han understrekar at det er for tidleg å seia om Venstre kjem til å støtta SV sitt forslag. _Øverst - foto av Snorre Valen, medlem i Finanskomiteen for SV:OSCE Parliamentary Assembly_ _Nederst - foto av Hans Olav Syversen, leiar av Finanskomiteen for KrF: Maria Lavik_