Ny grunnlov kan sikra eigarskap over naturressursar

Foto: Tunisia_Julien_Flickr_CC_BY-NC-ND_20

*Tre år etter revolusjonen i Tunisia har landet fått ny grunnlov. Den går langt i å lova god forvaltning av naturressursane, i alle fall på papiret.* *I følgje den nye grunnlova til Tunisia, skal naturressursane koma folket til gode*. Tre år etter revolusjonen i Tunisia har landet fått ny grunnlov. Den går langt i å lova god forvaltning av naturressursane, i alle fall på papiret. Mellom anna krev grunnlova at: * Myndigheitene skal arbeide for god forvaltning av naturressursane (artikkel 12). * Kontraktar som gjeld naturressursar må godkjennast av grunnlovsrådet (artikkel 13). Dessutan understreker artikkel 13 i grunnlova at naturressursane høyrer til folket i Tunisia. Landet eksporterer både olje og mineraler, og har EU som største handelspartnar, i følgje "CIA World Fact Book":https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/ts.html. Grunnlova vart underskriven av leiarane i Tunisia søndag 26. januar, nøyaktig tre år etter at revolusjonen i Tunisia starta. Revolusjonen kom som ein respons etter at ein fortvila gateseljar, Mohammed Bouazizi, sette fyr på seg sjølv, og demonstrasjonane viste eit fokeleg sinne mot korrupsjon og stagnasjon. Sivilsamfunnet har spela ei viktig rolle i kampen for demokrati, mellom anna så var det fagbevegelsen som "mekla fram avtalen mellom den dåverande islamittiske regjeringa og opposisjonen":http://www.nrk.no/verden/signerte-ny-grunnlov-i-tunisia-1.11498626. "Det som er viktig å få med seg, at det tunisiske sivilsamfunnet har blomstra opp, noko som har skapt eit press for konstitusjonelle endringar. Mange unge, energiske sivilsamfunnsorganisasjonar har oppstått sidan 2011, sjølv om mange av desse er dårleg strukturerte og lite organiserte" skriv "Revenue Watch på sine heimesider":http://www.revenuewatch.org/news/blog/passage-constitution-tunisian-civil-society-brings-about-progress-resource-governance. Organisasjonen understrekar at sivilsamfunnet i Tunisia har vore viktige for å mobilisera støtte til punkta i grunnlova som kan sikra at naturressursane kjem folket til gode, i staden for ein liten, korrupt elite. _Illustrasjon basert på det tunisiske flagget:Free Grunge Textures - www.freestock.ca_