Deloitte held kurs om aggressiv skatteplanlegging

Deloittes bygning i Barcode-området i Oslo Foto Henrik Granaas-Helmers Flickr / CC BY-NC 2.0

Avisa Klassekampen var med då Deloitte held kurs i Barcode-området i Oslo. Advokat- og revisorgiganten gav tips om aggressiv skatteplanlegging.

6. februar inviterte Deloitte norske selskap til kurs i nyheiter rundt internasjonal skatt. Avisa Klassekampen var med på møtet i dei nye lokala i eit av Barcode-bygga i Oslo.

Les heile saka i Klassekampen på nett her.

Målet med kurset var å visa korleis Deloitte kunne hjelpa norske selskap med å planlegga sin skatteprofil.

Dei to representantane frå Deloitte presenterte ulike modellar og IT-verktøy som selskapet har utvikla for å rekna ut sannsynet for at ulike skatteval gjev omdømmetap eller økonomiske tap i form av til dømes bøter.

Deloitte-representantane oppmoda dei frammøtte om å vege aggressiv skatteplanlegging opp mot muligheita for “omdømmetap”, i tillegg til å definera konserna sin “risikoappetitt for skatt”.

- Dei fleste her veit om dei er på den aggressive eller den konservative sida. Kva side ein vel, må også få konsekvensar for til dømes kommunikasjonsstrategien, sa skatterådgjevar Jon Henry Rosseland i følgje Klassekampen.

PWYP Norge har tidlegare åtvara mot advokatar si pro-aktive rolle for å legga til rette for skatteflukt. I rapporten Taushet er Gull åtvarar fleire artikkelforfattarar mot advokatar sin bruk av tausheitsplikta.

Ein av dei er Daniel Reeves, pensjonert seniorrådgjevar i den amerikanske føderale skatteetaten IRS. Han viser til korleis advokatar både kan vera passive medhjelparar til lovleg skatteminimalisering, men også at ta ei meir aktiv rolle der dei til dømes får tak i stråmenn til selskap og hjelper til med fordekte overføringar av pengar.

“Trass i at desse advokatselskapa yter reine forretningstenester til klientane sine, snarare enn juridisk rådgjeving, vil dei ofte hevda at alle aktivitetane deira er beskytta av advokatar si tausheitsplikt.” skriv Reeves.