EU-parlamentet støttar eigarskapsregister

Europaparlamentet har stemt for å oppretta register over reelle eigarar.

European parliamentFoto European Union 2015 - European Parliament_CC BY-NC-ND 2.0

To viktige komitear i Europaparlamentet stemte fredag 20. februar for å oppretta register over reelle eigarar. Desse registra skal vera offentlege, og vise kven som i realiteten eig og kontrollerer selskap. 

Komiteane stemte for å legga til dette som eit krav i det komande kvitvaskingsdirektivet. EU-parlamentet må no formelt godkjenne avstemminga frå komiteane, og deretter bli einige om å konsultera europeiske regjeringer før krava blir inkludert i direktivet. 

Både USA og Frankrike har støtta eit offentleg selskapsregister.

Les Global Witness si pressemelding om saka her.  

Dette vil kunne gjera det vanskelegare å oppretta såkalla skalselskap, der identiteten til dei relle eigarane er skjult. Slike selskap speler ei viktig rolle for å legga til rette for kvitvasking og andre typar økonomisk kriminalitet. 

PWYP Norge har fleire gonger teke opp problematikken rundt skalselkskap. På konferansen "Financial secrecy, society and vested interests" i 2012 fortalde Jason Sharman om betydninga av skalselskap. Sharman er professor og ekspert på økonomisk kriminalitet, og han fortalde tilhøyrarane om kor enkelt det er å setta opp eit skalselskap.

-  Eg satte sjølv opp eit skalselskap på Seychellene i 2009. Det har bankkonto på Kypros, og eg sette opp selskapet via Australia. Det kosta 1752 Euro å sette opp dette selskapet, fortalde Sharman.

Sjå heile presentasjonen til Jason Sharman her.

Nyheita frå EU kjem samstundes som Finansdepartementet i Noreg ønsker å lukka aksjonærregisteret. Dette møter motstand i frå norske journalistar og redaktørar, som meiner registeret har samfunnsmessig interesse, og kan avdekke skatteunndraging.

Les meir om konflikta rundt aksjonærregisteret her. 

PWYP Norge har tidlegare intervjua Christian Zurita Rón og Juan Carlos Calderón, to journalistar frå Equador. Dei har kartlagt broren til president Rafael Correa sin bruk av skalselskap, selskap som vart brukt til å skjule overføringar frå oljeselskap.

Les intervjuet med journalistane her.