Nordmenn mindre naive i møtet med økonomisk kriminalitet

Oslo. Foto Mariano Mantel CC BY-NC 2.0

Norske selskap ser det som sannsynleg at dei vil bli utsett for økonomisk kriminalitet, viser ny studie. Økokrim understrekar at lovlege strukturar kan legga til rette for slik kriminalitet. 

Revisorgiganten PwC har kartlagt omfanget av økonomisk kriminalitet i Global Economic Crime Survey. Undersøkinga viser at ein av tre norske bedrifter ser på det som sannsynleg at dei vil bli utsett for økonomisk kriminalitet i løpet av dei neste to åra.

- Me har lenge høyrt at nordmenn er naive når det gjeld økonomisk kriminalitet. Dette gjeld altså ikkje bedriftene som har svara i undersøkinga, dei er betrakteleg meir pessimistiske enn i dei andre skandinaviske landa, sa granskar Gunnar Holm Ringen under rapportlanseringa på onsdag.

Den norske delen av undersøkinga er basert på spørjeundersøkingar som 92 norske bedrifter har svara på.

Ein tredel av dei som svara på undersøkinga, har opplevd økonomisk kriminalitet dei siste to åra. Underslag og økonomisk kriminalitet er det som skjer hyppigast.

Afrika ufortent dårleg rykte

Noreg er eit av 94 land som har vore med i PwC si undersøking. Den globale undersøkinga er basert på svar frå over 5000 selskap. 

Den globale undersøkinga viser at Afrika sitt stempel som korrupsjonsversting kan vera ufortent. Afrika toppar statistikken over rapporterte tilfelle av bedrageri, men talet er på veg ned.

- Nord-Amerika sin andel er på si side stabil og høg, dette er urovekkande. Dessutan scorar Øst-Europa like høgt som Afrika når det gjeld rapportert korrupsjon, sa PwC-granskar Nicolai Skridshol.

Skatteparadis og stråmenn viktig for korrupsjon

 

Assisterande Økokrim-sjef Thomas Skjelbred minna om at korrupsjon krev strukturar som legg til rette for finansielt hemmeleghald.

- Me ser ein trussel i det at advokatar og revisorar fungerer som mellommenn å gjera korrupsjon mogeleg, sa Skjelbred. 

Han viste til Økokrim si trusselvurdering for 2013-2014, som omtaler korleis økonomisk kriminalitet skjer i ly av i utgangspunktet lovleg verksemd.

Trusselvurderinga listar opp som eksempel:

"Fagfolk som advokater, revisorer, regnskapsførere, takstmenn, finanseksperter, speditører med flere, som gjennom sin spisskompetanse kan bidra med kunnskap, informasjon eller direkte planlegging og/eller gjennomføring av kriminelle handlinger". 

Økokrim beskriv vidare at tradisjonelle kriminelle aktørar i større grad søkjer mot økonomisk kriminalitet, der fortenesta er høg og sjansen for å bli teken er liten. 

Skatteparadis sentralt i fersk korrupsjonssak

Økokrim sikta denne veka Kongsberg Gruppen for grov korrupsjon, sentralt i denne saka er nettopp bruken av skatteparadis. 

Mistanken knyt seg til avtalen om leveranse av kommunikasjonsutstyr til myndigheitene i Romania i perioden 1999 - 2008, til ein samla prislapp på 1,4 milliardar kroner. 

PwC har tidlegare undersøkt mistanken om korrupsjon på oppdrag av Kongsberg Gruppen. Granskinga skal ha funne pengeoverføringar til skatteparadis, men Kongsberg Gruppen valde å legga rapporten på hylla. 

Høgre sin finanspolitiske talsmann Gunnar Gundersen seier til Dagens Næringsliv 28. februar at  styreleiar i Kongsberg Gruppen, Finn Jebsen, bør vudera å trekka seg. Jebsen har innrømma å ikkje ha lest rapporten frå PwC.