Skjebnetime for amerikansk openheitslov

President Obama Signs the Dodd-Frank Wall Street Reform and Consumer Protection Act. Foto: Foto Lawrence Jackson Official White House Photo Flickr / CC BY 2.0.

USA skulle få ei lov som sikra openheit om oljeselskapa sine skattebidrag. Kampanjen frå den mektige oljelobbyen gjer at dette målet no heng i ein tynn tråd.

I kjølvatnet av finanskrisa vedtok den amerikanske Kongressen ei lov som skulle tvinga utvinningsselskap til meir openheit rundt skatteutbetalingar. Lova, populært kalla ”Dodd-Frank”, gav oppgåva om skriva den endelege forskrifta til det føderale tilsynsorganet U.S Securities and Exchange Commission (SEC).

SEC laga ei relativt streng forskrift med ingen mogelegheiter for unntak. Forskrifta krev at utvinningsselskap offentleggjer alle utbetalingar til både amerikanske og utanlandske myndigheiter, i ein årleg rapport.

Ei slik forskrift vil omfatta over 1100 selskap som er børsnotert i USA, mellom anna Chevron, Exxon Mobil og Shell. Reglane gjeld også for underselskap som er plassert over heile verda. Desse opplysningane skal offentleggjerast årleg, og vera gratis tilgjengeleg for alle med internettnett-tilgang.

Mektige fiendar

Organisasjonar som Oxfam America og Global Witness, i tillegg til Publish What You Pay-koalisjonen har støtta forslaget, dei håpar at ei slik lov skal hindra korrupsjon og gjere det lettare å halda myndigheiter i ressursrike land ansvarlege for pengebruken.

PWYP USA har arbeidd med å få til ei slik rapportering sidan 2005, les meir om arbeidet deira her. 

Forslaget til forskrift vart ikkje godt motteke av den mektige oljelobbyen American Petroleum Institute (API), som mellom anna Statoil er medlem av. API meinte krava om openheit ville vera for kostbare og ville skada konkurranseevna til amerikanske oljeselskap, og gjekk til søksmål mot SEC.

Statoil sa i oktober 2012 at dei ikkje ville ta stilling til søksmålet, men snudde i februar 2013, då selskapet gjekk ut og tok offentleg avstand frå søksmålet.

Får investor-støtte

I juni 2013 falt dommen i saka mellom API og SEC, i U.S District Court Washington DC. Kjenninga var ein delvis siger for oljebransjen, og gav SEC i oppgåve å skriva forskrifta på nytt.

SEC valde å ikkje anka kjenninga. Dermed så vart lova som skulle ha blitt innført i 2014, utsett på ubestemt tid.

Sivilsamfunnet har halde fram med å kjempa for ei sterk lov, og har fått moralsk støtte frå pengesterke investorar. 44 investorar skreiv brev til SEC i august 2013, der dei støtta forslaget.

- Me er avhengige av offentlegheitskrav som synleggjer potensiell risiko, og som opprettheld rettvise, ordna og effektive marknader, skreiv investorane i brevet.

"Bryt med ytringsfridommen"

API held likevel fram med eit tungt lobbypress på SEC,

I eit brev frå november 2013 foreslår API at selskapa kan rapportera tala til SEC, som igjen berre kan offentleggjera kor mykje selskapa har betalt samla sett, fordeltl på kvar region eller land.

Slik blir kvart enkelt oljeselskap si utbetaling anonymisert.

API hevdar vidare at strenge rapporteringskrav bryt med ytringsfridomen nedfelt i den amerikanske grunnlova.

”Industrien er uroa over å bli tvungne til å tala for politiske målsettingar om å påverka andre land sine anleggjande” skriv API i brevet.

Les heile brevet frå API her.

Ny samansetning i SEC

SEC har i mellomtida fått tre nye medlemmer, noko som gjer at utsiktene til å få ei sterk openheitslov i USA er blitt dystrare.

To av fem medlemmer i tilsynet har offentleg kome med utsegner som støttar API sitt syn.

Ein av medlemmene støttar sivilsamfunnet sine krav om openheitsreglar. Dermed kan to enkeltpersonar avgjere om amerikanske oljeselskap må offentleggjera kva dei betaler myndigheiter i andre land.

Jokeren i SEC kan vise seg å vera Mary Jo White, som er ein av dei to medlemmene som enno ikkje har ytra eit klårt standpunkt i saka. Nyleg kom ho med utsegner om at SEC ikkje må krevja rapportering som fører såkalla ”information overload”.

Dette kan tolkast til at ho er på vippen til å sympatisera med oljeindustrien sine argument.

USA ein tungvekter i verdsmarknaden

Kva løysing SEC landar på, vil ha stor påverknad på graden av openheit i utvinningsindustrien, seier Professor ved University of California, Michael Ross.

- Dette er dels på grunn av at mange selskap ikkje er børsnøtert andre stadar enn i USA. Dels er lova viktig på grunn av USA si eksepsjonelle rolle i marknaden. Dessutan har du den diplomatiske tyngda som USA har i verda, sa Ross til Thomson Reuters Foundation.

Les meir om saka på National Journal.