Etiopia får status som EITI-kandidat

Meles Zenawi, Etiopias statsminister. Foto: Andrew_Heavens_Flickr_CC_BY-NC-ND_20

Etiopia er blitt kandidatland i openheitssamarbeidet EITI. Saka vekkjer stor oppsikt, sidan landet blir skulda for å knebla media og knusa aktivistgrupper. 

Extractive Industries Transparency Initiative (EITI) er ein openheitsstandard som krev at utvinningsselskap offentleggjer kor mykje dei betaler til myndigheitene, og at myndigheitene offentleggjer kor mykje dei har motteke. Standarden baserer seg på eit trepartssamarbeid mellom stat, sivilsamfunn og utvinningsselskap. 

26 land har implementert EITI, deriblant Noreg, medan 18 land har kandidatstatus, med mål om å implementera EITI på sikt. 

Onsdag førre veke vart det vedteke at Etiopia får kandidatstatus, under det internasjonale EITI-styremøtet i Oslo. Dermed fekk Etiopia positivt svar på sin andre søknad om kandidatstatus. 

I 2010 fekk Etiopia avslag på søknaden. Landet har eit frynsete rykte når det gjeld trygging av menneskerettar, i 2009 innførte Etiopia ei lov som kriminaliserer dei fleste typar av menneskerettsarbeid

Verdssamfunnet har vore delt i spørsmålet, nokon meiner at eit EITI-kandidatur vil oppmuntra Etiopia til å betra styresettet sitt, andre fryktar at eit kandidatur vil vere ein premie for ein svært undertrykkande regime.

Human Rights Watch er blant dei som reagerer svært negativt på at Etiopia no blir teken inn i varmen av EITI.

- Med denne avgjersla har EITI gjeve slepp på prinsippa sine og skada sitt rykte som ei gruppe som promoterer godt styresett, skriv Human Rights Watch i ei pressemelding. Lisa Misol, forskar ved Human Rights Watch har tidlegare kommentert EITI sin søknad slik: 

- Den etiopiske regjeringa har knust aktivistgrupper og knebla media. Etiopia si undertrykking av uavhengige stemmer er på ingen måte kompatibel med det internasjonale arbeidet for å styrka det offentlege innsynet i korleis myndigheitene opererer. 

Clare Short har spela ei viktig rolle i prosessen for å få Etiopia godkjent som EITI-kandidat. Ho er styreleiar i EITI og tidlegare utviklingsminister i Storbritannia. 

I eit ope brev til sivilsamfunnsrepresentantane i EITI-styret, understrekar Clare Short at EITI ikkje er standard for menneskerettar, men ein plattform som kan styrka og trygga sivilsamfunnet, og gje det høve til å påverka politisk. 

Kommentator Luke Balleny i trust.org understrekar at Clare Short sin bakgrunn som politikar kan påverka synet hennar på eit EITI-kandidatur til Etiopia.

- Medan aktivistar ofte instinktivt sluttar seg saman og passar på sine eigne, så er politikarar meir villige til å spela eit langsiktig spel og gjere avtalar for det dei sjølve meiner er eit større mål, skriv Balleny på trust.org.