Norsk lov kan hjelpa sivilsamfunnet i Afrika

image Over nyttår får Noreg nye reglar som kan hindre skatteflukt og sikre større grad av finansiell openheit. Tre aktivistar frå sivilsamfunnet i Sør-Sudan, Uganda og Ghana fortel kvifor dette er viktig for arbeidet deira. Sjå videoen her!

5. desember stemte Stortinget fram nye reglar om land-for-land rapportering. Dei nye krava vil føra til at norske selskap i utvinnings- og skogdriftsindustrien vil måtte rapportere nokre sentrale rekneskapstal, mellom anna kor mykje dei betaler i skatt.

PWYP Norge har framheva at det er fleire svakheiter ved lova, verken krev rapportering frå skatteparadis eller reviderte rekneskapstal.

Les pressemeldinga frå PWYP Norge her.

Stortinget legg likevel press på regjeringa når dei skal utforma den nye lova og gjere den operasjonell. Stortinget ber nemlig regjeringa om at den på må innarbeida mål i lova om å synleggjera uønskt skattetilpassing.

Dermed vil sivilsamfunnet i Noreg spele ei viktig rolle for å sjå til at regjeringa gjer jobben sin.

- KrF kan ikkje gjere noko meir på dette tidspunktet. No er det viktig at sivilsamfunnet må følgje opp, sa Hans Olav Syversen, leiar for finanskomiteen på Stortinget, då han presenterte innstillinga frå Finanskomiteen.

Nye regler om land-for-land rapportering får stor innverknad utover landegrensene våre. Mange afrikanske land som blir presentert som fattige, er i realiteten svært rike på naturressursar. Større grad av finansiell openheit kan gjera det lettare for afrikansk sivilsamfunn og myndigheiter å få oversikt over verdien på ressursane sine og til å kontrollera kva skatteinntektene blir brukt til.

James Ninrew frå Sør-Sudan, Winnie Ngabiirwe frå Uganda og Abena Afari frå Ghana støtter alle norsk land-for-land rapportering. Dei var tre av 25 deltakarar under PWYP Norges ti dagar lange kursing for aktivistar, religiøse leiarar, fagorganiserte og journalistar frå seks afrikanske land.

James, Winnie og Abena arbeider mot korrupsjon og kapitalflukt i heimlanda, og har klåre oppfordringar til norske politikarar.

- Kapitalflukta frå Afrika er eit globalt problem. Sivilsamfunnet i Uganda vil ha mogelegheita til å kontrollera at naturressursane blir brukt til utvikling, seier Winnie Ngabiirwe i PWYP Uganda.

- Noreg har ei viktig erfaring frå utvinning av oljeressursar, det kan mange afrikanske land lære av, seier James Ninrew frå PWYP South Sudan.

- Noreg speler ei viktig rolle når det gjeld openheit i oljeindustrien. Noreg bør innføra utvida land-for-land rapportering, som vil hjelpe afrikanske myndigheiter til å allokere meir ressursar til utvikling. Dette vil hjelpa fattige, som dessverre det er mange av i Afrika sør for Sahara, seier Abena Afari.