Ny finanskomité har sjansen til å vedta ei effektiv lov mot kapitalflukt

HANS OLAV SYVERSEN Foto Krf CC BY-ND 2.0
 

Finanskomiteen arbeider denne månaden med lovforslaget om land-for-landrapportering. PWYP Norge har sendt brev til komiteen, og oppfordrar dei til å gjera dette til ei god lov som hindrar kapitalflukt.

Etter ein to år lang høyringsprosess for å laga ei lov som skal bidra til å hindra kapitalflukt, så la Finansdepartementet fram eit lovforslag som gjer at Noreg beskytter skatteparadis_. Slik opnar brevet frå PWYP Norge til medlemmene i finanskomiteen på Stortinget. Dei arbeider no med eit lovforslag om land-for-landrapportering (LLR). Forslaget legg opp til at norske selskap i utvinningsindustrien vil måtte opplysa om kor mykje dei betaler i skatt til andre land, samt andre nøkkeltal for verksemda si. Slik blir det lettare å få eit innblikk i om norske selskap faktisk bidrar til fellesskapet i land dei hentar ut ikkje-fornybare ressursar frå.

Tannlaus lov 

Målet med LLR er å hindra korrupsjon og kapitalflukt. Men, PWYP Norge meiner dette ser ut til å bli ei tannlaus lov, av fire grunnar:

1) Lovforslaget beskytter skatteparadis frå innsyn. I dag vel mange selskap i utvinningsindustrien å oppretta underselskap i skatteparadis. Desse landa kan freista med låg eller nullskatt, og beskytter selskapa frå innsyn. Gjennom kompliserte selskapsstrukturar klarar selskapa å flytta kapital over til desse landa. Det nye lovforslaget frå Finansdepartementet gjer ingenting med denne situasjonen. Det krev kun nøkkeltal frå land der selskapet driv utvinning frå. Slik hamnar skatteparadisa under radaren.

2) Lovforslaget krev ikkje at nøkkeltala blir oppgjevne saman med årsrekneskapen. Dette er stikk i strid med tilrådingane frå mellom anna PWYP Norge, Økokrim og Tax Justice Network. Når selskapa kan rapportera tala i ein separat, ikkje revisorgodkjent rapport, så opnar dette for store mogeligheiter for å unngå å opplysa korrekte tal.

3) Lovforslaget gjeld _eigentleg ikkje_ land-for-landrapportering. Selskapa kan sjølv velja å heller rapportera for kvart prosjekt, i staden for kvart land dei opererer i. Alt kan naturlegvis bli definert som "eit prosjekt" og inkludera fleire land, som til dømes skatteparadis. Då få me ikkje lenger informasjon land-for-land som kunne blitt brukt for å samanlikna ulike selskap. 4) *Lovforslaget gjev all makt til selskapa*, som sjølv kan velja å rapportere under mindre strenge EU-krav som no er på veg.

To enkle grep PWYP Norge understreker at finanskomiteen no har makt til å endra lova slik at den faktisk blir eit godt verktøy i kampen mot kapitalflukt. Komiteen kan gjera dette med to enkle grep:

1. Krevja at åtte sentrale rekneskapstal blir tekne med i notar til årsrekneskapen.

2. Sørgja for at desse tala blir rapporterte for alle land, også for skatteparadis.

 Brevet går også grundig igjennom ulike motargument og PWYP Norge sine svar til desse. Heile brevet kan du lesa i lenkene nederst i artikkelen. Fleire organisasjonar har vist at dei er skuffa over LLR-forslaget frå Finansdepartementet. _- Det er for mange smutthol der for selskap som absolutt vil snyte på skatten,_ seier leiar i "Changemaker, Ingrid Aas Borge

Blir behandla saman med statsbudsjettet

 Lova om land-for-land-rapportering (LLR) vart lagt for Stortinget 14. oktober, som ein del av statsbudsjettet. I praksis går lovforslaget ut på endringar i to lover: regnskapslova og verdipapirhandelloven. Lova er no til behandling i finanskomiteen på Stortinget. Komiteen kjem framover til å diskutera og halda høyring om forslaget. 8. november legg regjeringa fram ein tilleggsproposisjon til Stortinget. Her kan regjeringa koma med endringar i statsbudsjett og i lovsaker. Regjeringa kan endre, justere eller trekke LLR-forslaget.

Finanskomiteen kan kommentere denne tilleggsproposisjonen i innstillinga dei avgjer 28. november. Lovforslaget om LLR blir behandla samtidig som statsbudsjettet. Finanskomiteen vil avgje innstilling om LLR den 28. November. Innstillinga er eit resultat av ei fleirtalsbeslutning, men det kan koma med merknader frå mindretalet, her kan alle parti gje utrykk for sine meiningar. Lovforslaget om LLR kjem berre til å bli behandla i finanskomiteen, ikkje andre fagkomitear.

Finanskomiteen er samansett slik at eit fleirtal i komiteen også vil gje eit fleirtal på Stortinget, sett at representantane stemmer etter partitilhøyrsle. Innstillinga frå Finanskomiteen blir debattert og stemt over i Stortinget i byrjinga av desember. I forkant av regjeringsskiftet, sende "PWYP Norge brev til dei dåverande representantane i finanskomiteen

Det som er spesielt i denne saka, er at regjeringa som la fram forslaget om LLR ikkje lenger har fleirtal på Stortinget. Det gjer at utfallet i saka er meir opent.

Foto av Hans Olav Syversen, leiar av finanskomiteen på Stortinget, foto:Kristelig Folkeparti_ Brevet er blitt send til alle medlemmane i finanskomiteen: