Ny rapport slakter openheitsforslag

image
Johan Hermstad har skrive rapport om kva konsekvensar forslaget om land-for-land rapportering kan ha for sivilsamfunnet i Angola. Konklusjonen er: sannsynlegvis fint lite.

Hermstad bur i Angola, der han arbeider for Kirkens Nødhjelp. Han har skrive rapporten “When being kept in the dark matters” for Changemaker om det norske forslaget for land-for-land rapportering.

Forslaget legg opp til at norske selskap i utvinningsindustrien vil måtte opplysa om kor mykje dei betaler i skatt til andre land, samt andre nøkkeltal for verksemda si. Hermstad har sett på kva konsekvensar ei norsk land-for-land (LLR) rapportering kan ha for Angola. Rapporten viser fleire alvorlege manglar med det norske lovforslaget.

Sivilsamfunnet i Angola peiker på at lova må kreve eit langt høgare detaljnivå for at dei skal kunne bruka LLR i sitt arbeid. Dei understrekar at lova må kreve informasjon frå alle land som norske selskap har verksemd i, og at rapporteringa blir meir truverdig om den bli oppgjeven som notar i rekneskapen til selskapa.

-Det er heilt i det blå om denne lova kjem til å føra til at meir informasjon blir tilgjengeleg for sivilsamfunnet i Angola, eit av landa der norsk næringsliv er sterkast til stades, sa Johan Hermstad, sitert i Bistandsaktuelt.

Rapporten understreker at ei av svakheitene til lovforslaget er at den ikkje tek med skatteparadisa. Selskap vil berre måtte opplyse om verksemda si i land dei driv direkte utvinning i frå, ikkje i land der dei har såkalla “støttefunksjonar”.

-Såkalla “støttefunksjonar” som skatteparadisa tilbyr er i realiteten “hovudfunksjonar” som legg til rette for kapitalflukt, sa Mona Thowsen, generalsekretær i PWYP Norge under høyringa med finanskomiteen på Stortinget førre veke.

Heidi Nordby Lunde, stortingsrepresentant for Høgre i finanskomiteen, var med på presentasjonen av rapporten.

- Lovforslaget er ein svært god start. Det legg seg opp til EU-direktivet, men går litt lenger. Eg ser at de har ambisjonar som strekk seg lenger enn det, men dette lovforslaget kjem ikkje til å hamne der, sa Lunde sitert i Bistandsaktuelt.

Kjell Ingolf Ropstad frå Kristelig Folkeparti utrykte seg mindre bastant:

- Eg er ikkje superoptimist for store endringar, men me kjem til å pressa på, sa han ifølgje Bistandsaktuelt.

Foto frå rapportlanseringa: Vegard Foseide/Changemaker
Foto av kvinnelege gateseljarar i Angola:Oscar Megía