Den sjølvhatande økonomen

image

Steve Keen er økonomen som foraktar faget sitt. Han ber økonomar læra av fysikk og andre fagfelt for å unngå ei ny finanskrise i framtida

-What's the definition of hell? The eternal economics seminar_, seier Steve Keen til eit knisande publikum. Økonomiprofessoren frå Australia er på Litteraturhuset i Oslo for å snakka om alt som er feil med faget hans, i ei tid då Vesten gjennomlever ei økonomisk krise som kan samanliknast med den store depresjonen på 1930-talet.

Ikkje ein perfekt vitenskap

Mange økonomar var skuldige i å skapa eit falskt glansbilete fram til finanskrisa. Eit eksempel er då OECD i 2007 hevda at Europa kom til å fortsetja å ha høg økonomisk vekst, og at kontinentet "no var på veg til å ta over stafettpinnen frå USA"

Me ser i dag kor feilslått desse prognosane var: det ser meir ut til at Europa vart slegne i svime av denne staffettpinnen_, seier Keen, som er invitert til Oslo av "Manifest Analyse". Forfattaren av bestseljaren "Debunking Economics" meiner finanskrisa viser fundamentale svakheiter ved gjeldande nyklassiske økonomiske teoriar. Desse er basert på tesen om at den samla økonomien er eit resultat av vala til rasjonelle aktørar: individ som handlar for å maksimera si eiga nytte.

Keen hevdar at trua på rasjonelle aktørar gjorde nyklassiske økonomar overmodige. Dei byrja å sjå på faget sitt som ein "perfekt vitenskap" som kunne testast ut og brukast til å laga prognosar, ein vitenskap som kunne heva seg over andre typar samfunnsfag.

Nyklassiske økonomar tok over både akademia og statskassar i Vesten på 80-talet, dei var ei form for religiøse sektleiarar som trudde dei kunne spå inn i framtida_, seier Keen.

More is different

 Keen håpar at finanskrisa vil få økonomar til å våga å tenka nytt, og finna inspirasjon frå andre fagfelt.

Ein ny versjon av økonomifaget bør sjå på korleis folk oppfører seg i grupper, for samfunn er ikkje berre summen av individuelle val. Sjølv blir Keen inspirert av fysikaren Philip Anderson, som alt i 1972 slo fast at "More is Different"; at store og komplekse einingar kan ikkje berre bli sett på som summen av partiklane dei består av.

Anderson viser at ein ikkje kan laga universelle lover for samfunn på makronivå basert på individuelle val_, seier Keen.

Spår bustadskrakk i Noreg 

Professoren har skrive mykje om problema eit høgt gjeldsnivå fører med seg. Han meiner Noreg har eit urovekkande høgt gjeldsnivå, og viser til at bustadsprisane er tredobla i Noreg sidan 1993, justert for prisvekst. Det fører til auka gjeld i norske hushald, noko som Keen meiner er svært problematisk. - _Eg trur de har ei gjeldsdriven boble i Noreg, og de bør gjera noko med den_, seier Keen. Tidlegare på dagen hadde Keen halde foredrag for Statistisk Sentralbyrå, der han gjentok desse dystre spådommane, som du kan "sjå her".

Foto: Maria Lavik_