Ny rapport om skattesystem

image*Den nye rapporten til PWYP Norge oppmodar land med naturressursar til å gjennomgå skattesystema sine, for å få ein meir effektiv og rettvis fordeling av inntektene. Sjå presentasjonen av rapporten her!* Rapporten “The Case for Windfall Taxes” tek opp eit brennaktuelt tema: nasjonalstatar si gjeldsavhengighet. Samla skatteinntekter på verdsbasis dekker berre to tredeler av dei samla offentlege utgiftene. For å få endane til å møtast, må nasjonalstatar i stadig aukande grad dekka utgiftene sine ved hjelp av lån. Ei løysing er å tetta smutthola i dagens skattesystem. Rapporten “The Case for Windfall Taxes” evaluerer systema som er brukt for å skattlegga utvinningsselskap. Målet er å få til ei smartare skattlegging som kjem både selskap, borgarar og myndigheiter til gode. Rapporten diskuterer mellom anna bruken av såkalla "windfall taxes"- ei gruppe skattar som responderer på store endringar i råvarepris. Prisen på råvarer har ein tendens til å variere kraftig over kort tid, og dette gjer det utfordrande å skattlegge utvinningsselskap på ein effektiv og rettvis måte. I praksis vil skattar av typen "windfall taxes" berre slå inn når råvareprisen er uvanleg høg. Dette har fleire fordelar: * Dei premierer selskap som driv kostnadseffektivt. Sidan skattar av typen "windfall taxes" er bestemt ut i frå råvareprisen, og ikkje profitten til selskapa, så vil alle selskap måtte betala den same andelen i skatt. Selskap med høge kostnadar vil måtte betala like mykje som selskap med låge kostnader. Selskap med låge kostnader vil sitja igjen med meir etter skatt. Dette vil være med på å fjerna dei dårlegaste selskapa, pressa kostnadene ned i selskap med høge kostnader og premiera selskap som driv kostnadseffektivt. * Dei hindrar skatteflukt. Multinasjonale selskap tener vanlegvis store pengar på å flytta inntekter til underselskap i lågskattland og kostnader til selskap i høgskattland. Denne strategien kan selskapa ikkje bruke med inntekter skattlagt av "windfall taxes". Selskap som fjernar skattegrunnlag ut av landa vil dermed måtta betala skatt som dei ikkje gjer i dag på grunn av store moglegheiter for tilpasningar. * Det fører til ei likare fordeling av inntektene frå eit lands naturressursar. I dag ender selskap opp med å ta størstedelen av profitten skapt av unormalt høge råvareprisar. Skattar av typen "windfall taxes" gjer at gode tider på råvaremarknaden også kjem myndigheiter og innbyggarar til gode. Les rapporten "The Case for Windfall Taxes her":http://pwyp.no/en/case-windfall-taxes-guide-optimal-resource-taxation-0 Sjå rapportforfattar Frian Aarsnes presentere rapporten i denne videoen: