Ber om presiseringar frå Finansdepartementet

"PWYP Norge har fulgt prosessen over flere år. Vi er svært opptatt av at loven skal virke og at den skal bli så konkret, formålstjenlig, effektiv, enkel og rimelig som mulig."

Slik startar brevet frå PWYP Norge til Finansdepartementet. I samband med lova om land-for-land rapportering har departementet utarbeidd ei ny forskrift.

PWYP Norge har funne fire svakheiter i formuleringa i forskrifta som kan legga til rette for omgåingar frå selskapa. I brevet ber PWYP Norge om at Finansdepartementet kjem med skriftlege presiseringar på fire av desse punkta.

1. Lovteksten legg ikkje opp til at alle kostnadar skal bli rapportert, berre kjøp av varer og tenester. PWYP Norge spør om Finansdepartementet faktisk ønskjer at totale kostnader blir rapportert etter den nye lovstandarden, og om dette ikkje er tilfelle, ber organisasjonen om ei grunngjeving for dette. 

2. PWYP Norge har heile tida understreka at rapporteringsstandarden berre er truverdig om den krev kopling til rekneskapstal. Lova ser ut til å legga opp til ei konsernrapportering som skal vera i tråd med finansrekneskapstal, PWYP Norge ber Finansdepartementet bekrefta at dette stemmer. 

3. Forskrifta legg opp til ei "konsolidert oppstilling" i rapporteringa, dette uroar PWYP Norge. Betyr dette at selskapa må oppretta to konsernrekneskapar - eit konsernrekneskap på total oppstrømsaktivitet og eit som viser konsoliderte tal for land-for-land rapporten? Om denne tolkinga stemmer, så er ikkje dette ei rapportering av total oppstrømsaktivitet. 

4. Forskrifta gjev tre omgåingsmogelegheiter for å unnta datterselskap frå rapporteringa. PWYP Norge spør om departementet kan ta vekk desse mogelegheitene for unntak, slik at alle verksemder som inngår i oppstrømsrapporeringa også blir rapportert land-for-land. 

Les heile brevet her: