Finansiell openheit mot terrorisme og korrupsjon

Erik Solheim skriv at finansiell openheit er beste medisin mot alt frå terrorisme, korrupsjon og narkokartell. 

- Om me verkeleg vil bekjempa nokon av klodens største problem - terrorisme, korrupsjon, borgarkrigar, narkokartell, skattetjuveri - er eitt verkemiddel viktigare enn alle andre: Finansiell openheit, skriv tidlegare utviklingsminister Erik Solheim er leiar i OECD sin utviklingskomité.

I ein kronikk i Dagens Næringsliv 11. mars omtalar han korleis finansiell openheit er det viktigaste verkemiddelet mot verdas største problem. 

- Kvitvasking av pengar legg til rette for kriminalitet her i landet. I andre deler av verda finansierer det terrorisme og borgarkrig, skriv Solheim. 

Han viser til utrekningar frå OECD, som viser at rundt 6000 milliardar kroner kvart år blir betalt som bestikkelser. Det er meir enn heile Oljefondet. Fattige land taper mest på hemmeleghald.

- Skatteunndraging i Noreg betyr at reielege skattebetalarar må betala litt meir. I fattige land betyr det tap av sårt trengte pengar til helsetenester, skriv Solheim.

Det er likevel håp, skriv Solheim. Han viser til initiativ frå tidlegare president i Sør-Afrika, Thabo Mbeki, som leiar ei gruppe som jobbar for å stoppa pengeflyten ut av Afrika. I tillegg har Storbritannia byrja å ta eit oppgjer med nullskatteytarar som Starbucks, Google og Amazon.