Krev openheit frå Oljefond-sjefen

Oljefondet blir kritisert for å investera i eit skatteparadisselskap leia av den korrupsjonssikta Formel 1-sjefen. PWYP Norge har tidlegare bede Oljefondet om å stilla krav om openheit i selskap dei investerer i. 

Oljefondet, verdas største statlege investeringsfond, er i hardt ver for tida. 1. mars kunne Dagens Næringsliv avsløra at Oljefondet i mai 2012 investerte 1, 8 milliardar kroner i skatteparadisselskapet Delta Topco.

Delta Topco eig rettane til Formel 1 og er leia av Bernie Ecclestone, som alt då var skulda for korrupsjon i hundremillionarsklassen. Tyske myndigheiter har seinare teke ut tiltale mot Ecclestone.

- Bør trekka seg ut igjen

Fleire reagerer på at Oljefondet valde å investera i eit unotert selskap. I utgangspunktet skal fondet berre investera i børsnoterte selskap, som må følgja strengare openheitskrav enn unoterte selskap.

Ein føresetnad for at investeringa var innanfor Oljefondet sine reglar, var at Delta Topco etter planen skulle noterast på børs i Singapore sommaren 2012. Ni dagar etter Oljefondet investerte i selskapet, vart børsnoteringa skrinlagt.

- Ein logisk konsekvens er at Oljefondet trekk seg ut igjen, seier finanspolitisk talsmann for Venstre, Terje Breivik til Dagens Næringsliv.

Han ber no finansminister Siv Jensen om å svara på om investeringa er innanfor Oljefondets mandat, og om Jensen vil bidra til auka openheit rundt investeringa.

Les spørsmålet til Siv Jensen her.

- Dobbeltmoralsk av Oljefondet.

Kirkens Nødhjelp kritiserer at Oljefondet investerer i eit skatteparadisselskap, og aktivt hjelper til for å minimere Formel 1 si skatterekning.

- Det er sjokkerande å sjå korleis Oljefondet deltek i skattetransaksjonar som er beskrive i Formel 1-saka. Det minste me må kunne forventa er at Norges Bank har eit medvite forhold til hemmeleghald, skatteparadis og dei skadelege effektane dette har, seier Kjetil Abildsnes, seniorrådgjevar i Kirkens Nødhjelp, til Dagens Næringsliv 6. mars.

I tillegg til å kjøpa aksjar i Delta Topco, har Oljefondet bidrege med over 1 milliard kroner i lån til selskapet. Aksjane og lånet er sett saman i eit eksotisk finansinstrument som kallast ”Stapled Security”.

Dagens Næringsliv omtalar korleis lånet frå Oljefondet bidreg til å minimera Formel 1 sin skattebyrde i Storbritannia.

Kjetil Abildnes meiner dette er dobbeltmoralsk av Oljefondet, som i sitt eige utkast til intern policy skriv at ”Norges Bank forventar at alle selskap og andre marknadsaktørar betalar skatt i tråd med intensjonane i skattelovene i det land dei opererer i”.

PWYP Norge ber om openheit

Finansdepartementet behandlar for tida ein rapport om ansvarleg investeringspraksis for Oljefondet.

I høyringsinnspelet oppmodar PWYP Norge om at Oljefondet må stilla krav om openheit i selskapa dei investerer i. 

Oljefondet er i posisjon til å påverke dei enkelte selskapa som dei investerer i, til å frivillig legge fram informasjon basert på PWYP Norge sitt krav om utvida land-for-land rapportering.

Ei slik rapportering gjev innsikt i åtte sentrale rekneskapstal, og kan hjelpa Oljefondet til å redusera risiko og sikra langsiktig inntening.

Legg seg flat

Sjef for Oljefondet, Yngve Slyngstad, innrømmer å ha bomma med investeringa i Delta Topco, i eit intervju med Dagens Næringsliv 11. mars.

- Me er sjølvsagt ikkje glade for den situasjonen som har oppstått. Det som i ettertid ser veldig uheldig ut, er at det til slutt vart ein korrupsjonstiltale, seier Slyngstad til DN.

Han hevdar likevel at han er innafor mandatet sitt.

- Me er heilt krystalltklart innanfor mandatet, fordi det framleis er ein klar intensjon om å få til ei børsnotering så raskt det let seg gjere, seier Slyngstad.