"Mineralressursar er ei velsigning, ikkje ei forbanning"

FN-topp håpar at afrikanske land kan etterlikna Australia og Canada, slik at naturressursane kan kome innbyggarane til gode.

Det er meir enn 500 år sidan Afrika byrja å utnytta naturressursane sine kommersielt. Framleis har kontinentet mange av dei største urørde reserva av mineralar i verda_, skriv Carlos Lopes, leiar for FN sin økonomiske kommisjon for Afrika, på "bloggen sin":http://www.uneca.org/es-blog/africa-must-benefit-its-mineral-resources#.UlZ4thbDIvQ.

Rik på ressursar, men fattig 

Lopes listar opp nokre av dei imponerande ressursane i kontinentet: Tre-fjerdedelar av verdas platina-førekomstar finn ein i Afrika. Dette sjeldne grunnstoffet blir brukt til mellom anna smykke og elektronisk industri.

Halvparten av diamantane i verda kjem frå Afrika, det same gjeld krom, som trengst for å produsera rustfritt stål.

Ein femtedel av gullførekomstane finn ein i Afrika. *Profittauke for selskap, men ikkje for landa* Afrikanske mineralar har gjort gruveselskapa rike, Lopes peikar på at dei 40 største selskapa i snitt hadde ein profittauke på 156% i 2010. Denne profittauken blir skjeldan spegla i afrikanske statskassar, og salet av naturressursar gjev lite sosio-økonomisk vekst. Lopes meiner at posisjonen som råvareleverandør gjer afrikanske land til taparar i verdsmarknaden. Han ber afrikanske land å læra av "unntaka" Australia og Canada: land med store naturressursar som klarer å dra nytte av ressursane sine, og bruka desse til utvikling.

Må få til betre avtalar med gruveselskap

FN-toppen meiner at afrikanske myndigheiter må føra tøffare og meir opne prosessar når dei skal forhandla kontraktar med gruveselskap.

Myndigheitene må sørgja for å få dei beste avtalane som er mogeleg med desse selskapa,_ seier Lopes. Det er enno ein lang veg å gå. I den Demokratiske Republikken Kongo gjekk ein statleg komité gjennom 61 kontraktar mellom staten og gruveselskap, og fann ut at ingen av kontraktane var akseptable. Lopes har trua på at openheitsmekanismar som den frivillige "EITI-standarden" og "Dodd Frank-lova i USA" er med på å sikra openheit rundt slike kontraktar.

Ressursane i Afrika er ei velsigning og ikkje ei forbanning. Ressursane kan og vil bli brukt som eit utgangspunkt for vekst_, avsluttar han.

Bilete på framsida: Gull frå austlege Kongo.