Tanzania stiller tøffare krav til Statoil

 

Statoil vil truleg måtte selja gass billig for å få lov til å bygga eit gassanlegg i Tanzania. Myndigheitene i landet varslar no ein tøffare politikk mot utanlandske selskap.

Statoil planlegg ei av tidenes største utanlandsinvestering i Tanzania. I følgje Dagens Næringsliv (DN 29.10.13) vil Statoil bygga eit gassanlegg til mellom 120 til 180 milliardar kroner ved sørkysten i det austafrikanske landet. Ve dette anlegget blir gass kjølt ned slik at den kan bli eksportert. *Må gje frå seg eigarandel* Etter det DN kjenner til, vil Statoil måtte gje frå seg milliardverdiar for å realisera desse planane.

For det første vil selskapet måtte selja ti prosent av gassen til det statseigde oljeselskapet TPDC, truleg til langt under marknadspris. For det andre kjem TPDC til å ha rett på ein ti prosents eigarandel i prosjektet. Statoil har vore tilstade i Tanzania sidan 2007 og har kontor i hovudstaden Dar es Salaam. Selskapet har operatøransvar med ein 65% eigarandel i blokk 2 utanfor kysten av Tanzania. I prosessen med leiteboring har Statoil og partneren ExxonMobil funne 400 milliardar kubikkmeter gass i denne blokka, noko som er det doble av Snøhvit-feltet, i følgje DN.

Tanzania tapar på kapitalflukt 

Krava som Tanzania stiller til Statoil føyer seg inn i den nye og tøffare retorikken som myndigheitene no brukar mot multinasjonale selskap.

- Tanzania tapar rundt 1,2 milliardar dollar i året på grunn av skatteunndraging, skatteunngåing og korrupsjon. Det tilsvarer fem prosent av nasjonalbudsjettet,_ seier Zitto Kabwe, leder for Tanzania sin kontroll- og konstitusjonskomité til "Thomson-Reuters Foundation".

Han meiner at ein stor del av kapitalflukta stammar frå gamle bilaterale investeringsavtalar som Tanzania inngjekk kort tid etter landet hadde blitt sjølvstendig. På den tida hadde landet liten erfaring med verken statsstyring eller statsfinansar. Parlamentet i Tanzania har no varsla ei gransking av den illegale kapitalflukta frå landet. _

- Nokon av dei største multinasjonale selskapa som opererer i Tanzania brukar ein aggresiv taktikk for å unngå å betala skatt ved å bruka skatteparadis som Luxembourg og Nederland,_ seier Kabwe. Han viser til at sju av ti store selskap i utvinningsindustrien i Tanzania brukar skatteparadis. *Ny norsk lov kan sikra openheit* I mai kom ein rapport som viser at Afrika mista mellom 600 og 1400 milliardar dollar i mellom anna korrupsjon og skatteflukt frå 1980 og 2009. Les rapporten frå "Global Financial Integrity og African Development Bank her

Nettopp kampen mot korrupsjon og kapitalflukt var sentral då norske styresmakter bestemde seg for å vurdera utvida krav til norske selskap om land-for-landrapportering. No vurderer Stortinget utforminga av denne lova, som potensielt kan sikra openheit om kor mykje norske utvinningsselskap bidrar med i skatt til andre land og kor mykje som forsvinn til skatteparadis. Ei slik openheit vil også gjera det lettare å hindra korrupsjon i afrikanske land, sidan informasjon om skatteutbetalingar kan samanliknast med utgiftsbruken til statane.

"LES MEIR OM DEN NORSKE OPENHEITSLOVA HER

Foto av Helge Lund, konsernsjef i Statoil. (Ole Jørgen Bratland - Statoil ASA)_