-Skattepolitikk hjelper fattige land, ikkje almisser

image 

Å styrka skattebyråkratiet i fattige land er den beste bistanden Noreg kan gje, seier avtroppande utviklingsminister Heikki Holmås. Vil den komande regjeringa fortsette arbeidet for å stoppa korrupsjon og kapitalflukt frå fattige land slik at dei kan sikra sine eigne skatteinntekter til skule og helse?

Bistand er ikkje "milde gåver" men viktig for å bygga opp gode skattesystem som kan skapa ei meir rettferdig fordeling av ressursane i verda. Det skriv avtroppande utviklingsminister Heikki Holmås, i ein "kronikk i Bistandsaktuelt

Han brukar Zambia som ei døme: eit ressursrikt land med mange fattige innbyggarar. Holmås skriv at Noreg har brukt 26 millionar kroner på bistand for å styrka skatteadministrasjonen i landet. Han seier at dette har vore med på å styrka Zambia sitt gruveskattekontor, som fekk inn 1,7 milliardar kroner i ekstra skatteinntekter, som igjen vart brukt på grunnskuleutdanning. Utdanning er også viktig for komande statsminister Erna Solberg.

Ho seier i same utgåve av Bistandsaktuelt at det viktigaste satsingsområdet i deira nye utviklingspolitikk vil bli utdanning. I følge fleire politikarar i Høgre vil Noreg visa "internasjonalt leiarskap" på utdanningsfeltet framover.

For at Erna skal få gjennom si hjartesak om utdanning, bør ho og sørga for at Noreg fører ein politikk som sett fattige, men ressursrike land, i stand til å mobilisera sine eigne ressursar slik at dei sjølve kan betala for å bygga skular og løna lærarar. Utvikling kan ikkje bli målt per krone som me overfører til Sør.

Me bør derfor fokusera på å laga politikk som legg til rette for, og ikkje hindrar utvikling, seier Mona Thowsen, generalsekretær i PWYP Noreg. Noko av det viktigaste og mest effektive Norge kan gjera, er å vedta ei sterk åpenheitslov om utvida land-for-land rapportering. Den vil gjera det meir vanskeleg for store selskap å flytta inntekter frå ressursrike land i Sør over til skatteparadis.

Finansdepartementet, UD, Finanskomiteen og flere stortingsmedlemmer er godt orientert om at det norske sivilsamfunnet krev at den nye åpenheitslova med utvida land-for-land rapportering må legga til grunn at 8 regnskapstall frå oljeseselskapa blir ført inn i notar til årsrekneskapen.

Me trur ikkje at Høgre ønskjer korrupsjon og skatteunndragingar eller å laga ei åpenheitslov basert på tilfeldige prinsipp som gjer det mogeleg for selskapa å omgå dei nye reglane. Me forventar at Høgre vil ha fakta på bordet om kvar pengestraumane går og at Høgre derfor innfører utvida land-for-land-rapportering_, seier Thowsen. Fleirtalet i utanriks- og forsvarskomiteen, med Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti i spissen, har tidligare gjeve si "støtte til utvida krav til land-for-land-rapportering".

Bilde forside: Utviklingsminister Heikki Holmås. Foto: Trond Viken/Utenriksdepartementet.

Bilde: Påtroppande statsminister Erna Solberg. Foto: Kjetil-r/Flickr.