Slår full alarm om aksjonærregister

Finansminister Siv Jensen Foto Rune Kongsro CC

*Finansdepartementet foreslår å lukka det einaste aksjonærregisteret i Noreg*. Aksjonærregisteret er eit samla register over alle norske aksjeselskap og utanlandske selskap notert på Oslo Børs. Registeret inneheld mellom anna opplysningar om kven som er aksjeeigarar i selskapa. Registeret inneheld både offentlege opplysningar og taushetsbelagt informasjon. No foreslår Finansdepartementet å lukka registeret heilt for innsyn, uavhengig om opplysingane er allment tilgjengelege. Forslaget er no sendt ut "på høyring":http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/dok/hoeringer/hoeringsdok/2014/horing---taushetsplikt-for-opplysninger-/horingsbrev.html?id=750350. Norsk Redaktørforening hevder at lovforslaget er ein respons på at journalistar har byrja å prøva å få tilgang til registeret. Særleg journalist Vegard Venli i Kommunal Rapport har arbeidd med å få henta ut opplysningar frå registeret som ikkje er omfatta av taushetsplikta, og lagd samanstillingar av desse. "Det blir opna for slik samanstilling av opplysningar i offentleglova § 9" understreker "Norsk Redaktørforening på sine heimesider":http://www.nored.no/Redaktoernyheter/Vil-hemmeligholde-aksjonaerregister. Sivilombudsmannen behandlar no ei klage om avslag på innsyn i aksjonærregisteret. Finansdepartementet sender altså ut forslaget om å lukka dette registeret før Sivilombodsmannen har konkludert i klagesaka. - Det er heilt utruleg, skriv Siri Gedde-Dahl, leiar av Norsk Presseforbunds offentlegheitsutval, i ein "kronikk i Dagens Næringsliv":http://presse.no/Nyheter/Skjult-eierskap-i-et-aapent-demokrati. *Ho skriv at aksjonærregisteret har vore lite brukt av journalistar, men at det potensielt kan vera med på å avdekka skatteunndraging, og vera kjelde til kunnskap for forskarar*. Journalistar kan få aksjonærlister ved å oppsøka kvart enkelt selskap. Gedde-Dahl meiner dette ofte er tidkrevjande og kostbart, og at ikkje alle selskap gjev ut opplysingar som journalistar har krav på. Finansdepartementet grunngjev forslaget om å lukka registeret med ønsket om å sikra tilliten mellom Skatteetaten og skatteytarane ved å avgrense spreiinga av opplysningar som skattemyndigheitene har registrert, og for å motverka "uforholdsmessig ressursbruk" i Skattedirektoratet. Gedde-Dahl meiner det det ikkje er dokumentert noko mistillit mellom Skatteetaten og skatteytarar med den noverande ordninga. Ho meiner høyringsnotatet ber preg av å vektlegge formålet om å spara ressursar i Skattedirektoratet. - Ja, openheit kan bety meirarbeid. Derfor har ein også i dag heimel i offetleglova for å avslå særleg arbeidskrevjande innsyn. Men det er ikkje grunnlag i norsk lov for å innføra taushetsplikt fordi ein er redd for meirarbeid. Taushetsplikt skal verna opplysningar, ikkje byråkratane, skriv ho i kronikken. *Høyringsfristen er sett til 1. april*.