Ope utfall for aksjonærregisteret

Regjeringa understrekar at dei ikkje har konkludert i forslaget om å lukka aksjonærregisteret. - Men mange av opplysingane i registeret kan ein uansett finne på nettet, hevder statssekretær Jørgen Næsje (FrP). 

Det vakte oppsikt då Finansdepartementet sende ut forslag om å lukka aksjonærregisteret for innsyn. 

Norske journalistar og redaktørar reagerte kraftig på høyringsforslaget, journalist og leiar av offentlegutvalet til Norsk Presseforbund, Siri Gedde-Dahl kalla forslaget "heilt utruleg". 

Aksjonærregisteret er eit samla register over alle norske aksjeselskap og utanlandske selskap notert på Oslo Børs. Registeret inneheld mellom anna opplysningar om kven som er aksjeeigarar i selskapa.

Jørgen Næsje, statssekretær i Finansdepartementet, kommenterte forslaget under eit møte i regi av Tax Justice Network onsdag førre veke. 

- Me har ikkje konkludert politisk i saka, understreka Næsje. 

Han grunngjev forslaget med ønske om å spara ressursar, og viser til at aksjonærregisteret er oppretta av Skatteetaten for å samla viktig informasjon for å rekna ut skatt. 

- Skatteetaten bør bruka ressursane sine til å rekna ut skatt, eg er usikker på om dei også skal driva offentleg opplysningsarbeid. Mange av desse opplysningane er dessutan mulige å finne på nettet, gjennom leverandørar som proff.no. 

Går mot internasjonal trend

- Tausheitsplikta skal ivareta rettssikkerheita i samfunnet, det er ikkje meininga at den skal brukast for å verna byråkrater mot ekstraarbeid, sa Mona Thowsen, generalsekretær i PWYP Norge, i intervju med Klassekampen førre veke

Ho meiner regjeringa er i utakt med det som skjer elles i Europa. USA og England går i retning auka openheit, og fredag kom nyheita om at EU-parlamentet støttar eit register over reelle eigarar.

Tapar milliardar på hemmeleghald

Den nye rapporten "Skjulte eiere", laga av Tax Justice Network Norge, viser kor viktig hemmeleghald er for å legga til rette for skatteflukt.

Les heile rapporten her.

Rapporten viser mellom anna at:

  • Opp mot 420 milliardar kroner forsvinn frå beskatning i året.
  • Over 130 000 nordmenn kan ha verdiar i utlandet som ikkje er registrert i Skatteetaten.
  • Advokatar har plikt til å rapportera mistenkelege transaksjonar til Økokrim, men dette skjer skjeldan. Berre 12 tilfelle vart rapportert i 2012. 

Starta internasjonalt nettverk mot kapitalflukt

- Regjeringa går feil veg når dei no vil stenga aksjonærregisteret, sa Marianne Marthinsen under møtet til Tax Justice Network førre veke. Stortingsrepresentanten frå Arbeiderpartiet kunna avsløra at ho har vore med på å danna eit internasjonalt nettverk av parlamentarikarar mot kapitalflukt.

Nettverket vart danna i samband med OECD sine parlamentarikerdagar. Med i nettverket er Margaret Hodge frå Labour, kjend for å leia høyringa om manglande skattebetaling frå Starbucks, Google og Amazon.

- Me kjem til å "pushe" regjeringane i heimlanda våre, sa Marthinsen.