Gladnyheit frå budsjettforliket


Skatteunngåing er igjen blitt eit tema i den komande lova for land-for-land rapportering. Stortinget ber regjeringen sikre at det i regelverket om land-for-land rapportering innarbeides mål om å synliggjøre uønsket skattetilpasning.

 

Denne gladnyheita kom fredag ettermiddag som ein del av budsjettforliket mellom regjeringa og samarbeidspartia Venste og KrF.

Nye reglar for land-for-land rapportering skal sikra meir openheit om kva norske selskap bidrar med i skatt i andre land. 14. oktober la dåværande finansminister Sigbjørn Johnsen fram lovforslaget.

Dette lovforslaget skulle i utgangspunktet hindra kapitalflukt, men PWYP Norge meiner, saman med fleire organisasjonar, at dette er blitt ei tannlaus lov. Lovforslaget fjerna formålet om å synleggjera skattetilpassing, trass i at mange selskap brukar skatteparadis aktivt for å redusera skatteutbetalingane sine til ressursrike land i Sør.

Førre veke kunne regjeringa opplyse at dei ikkje ønsker å endre lovforslaget frå Sigbjørn Johnsen

No er altså skatt igjen eit tema i land-for-land rapporteringa, takka vera innsatsen frå KrF og Venstre.

Foto av Knut Arild Hareide, leiar av Krf/foto fra Stortinget